Vi går i gong igjen med NæringsOnsdag og inviterer alle interesserte inn til ei kjekk stund på Tik. Møt andre frå næringslivet og nyt ein betre lunsj frå vår nye meny.
Denne gongen blir det ein næringspolitisk lunsj i samarbeid med Ørsta Høgre. Lokale næringsaktørar vil innleie og fokusere på dei utfordringane skatteøkningane har medført.
Høgre stiller med sin finanspolitiske talsmann Helge Orten og fylkesordførkandidat Anders Riise. Det blir opna for spørsmål og innspel.
Alle er velkomne.
https://www.facebook.com/events/1022369778892064/